Camilla Brekke beskikket som direktør for Norsk Polarinstitutt
Camilla Brekke er i statsråd i dag beskikket som direktør for Norsk Polarinstitutt for ein periode på seks år. Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis.Brekke kjem frå stillinga som prorektor for forsking og utvikling ved UiT Noregs arktiske universitet. Ho har doktorgrad frå Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo, og er professor ved Institutt for fysikk og teknologi ved UiT Norges arktiske universitet. Brekke har mellom anna forska på satellittfjernmåling og jordobservasjon, med fokus på bruk av fjernmåling i Arktis. Ho har også erfaring frå Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) og den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA).
– I ei tid med raske endringar i klima og miljø i polarområda treng vi forskingsbasert kunnskap som grunnlag for ein heilskapleg, langsiktig og klimatilpassa miljøforvaltning. Med Camilla Brekke får Polarinstituttet ein dugande og kunnskapsrik direktør som kan vidareutvikle instituttet som framtidsretta forskingsaktør og som fagleg rådgivar for forvaltninga, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.
Brekke tar over etter Ole Arve Misund som har vore direktør for Norsk Polarinstitutt dei siste seks åra.
– Eg vil takke Misund for hans solide innsats for å styrke norsk polarforsking på mange område. Det nyaste dømet på dette er hans engasjement for å forbetre forskingsstasjonen Troll i Antarktis. Eg er glad for at vi no har fått ein direktør som er godt rusta til å vidareføre dette viktige arbeidet, seier Eide.
Camilla Brekke tiltrer på det tidspunkt Klima- og miljødepartementet bestemmer.
Tekst og bilde er hentet fra regjeringen.no